Den stumme

dikt

Velg format

kr 119
På lager
ISBN
9788249512713

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2014
ISBN 9788249512713
Innbinding Ebok
Tittel Den stumme
Bokgruppe 852
I salg 11.12.2013
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Også den stumme - og kanskje nettopp han - kan vera uttrykksfull. Det er ein av påstandane Lars Amund Vaage skriv fram i desse dikta. Mange av dikta handlar om arbeid. Arbeid kan vera skaping, språk, innviing. Men i det store kretsløpet mellom fødsel og død kan arbeidet også vera tap av meining. Sentralt står kjærleiken som gir kraft til å skapa.
”Som hos Jon Fosse, som Vaage tidvis kan minne om, finnes en paradoksal trang til å sirkle inn det stumme, språkløse ved hjelp av tale og språk. Men først og fremst er dette en elegi over barndommens tapte rike ... Heldigvis er det ikke bare stumhet vi finner i hjertet av denne boken, men snarere en vilje og evne til å tale om de grunnleggende og viktige tingene”
EIRIK LODÉN, STAVANGER AFTENBLAD
”En vakker hyllest til våre tause forfedre”
INGUNN ØKLAND, AFTENPOSTEN
”I Lars Amund Vaages diktsamling renn fortid og notid saman i ordlause minne. Og den gamle tradisjonen med hardt og mykje arbeid på garden er i alle fall ein indre, mental del av dagens moderne samfunn. Stemma i boka er personleg og varm, og med sine presise detaljar og brå, uventa metaforar får dikta tung og fortetta meining. Dei er aldri overflatisk trendy, berre sjølvstendige og innanfrå, kjenslevare og kloke. Vaages Den stumme er fundamental og storslegen poesi”
TORE ELIAS HOEL, DAG OG TID
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for, og som dessutan vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme.

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. 

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer