Den raude staden

eit dikt

Velg format

kr 199
På lager
ISBN
9788249513932
Den raude staden er et sårt og vakkert poetisk inventarium over et liv”
CORNELIUS JAKHELLN, MORGENBLADET
”Vaage har utvilsomt en evne til å ‘sjå det grandiost grå’, og omskape den private tristessen til stor diktekunst som løfter oss alle”
CATHRINE STRØM, KLASSEKAMPEN
”Dette er ei diktsamling med så mange slike einskildbilete eg gjerne hadde sitert, men plassen tillet ikkje det ... denne diktsamlinga vert blant dei få eg kjem til å ta fram att. Og atter ta fram. Ofte”
KNUT ØDEGÅRD, VÅRT LAND
”en reflektert diktsamling med mange lavmælte kvaliteter ... han skriver fortiden inn i nåtiden og skaper porøse grenser mellom fortid og nåtid, de døde og de levende ... en veldig seriøs refleksjon over minnet, tiden og døden. Særlig er arbeidet med overganger og terskler fint gjort”
MARIT GRØTTA, NRK P2
”Dikteren tar oss med på en reise innover og bakover i tid ... insisteringen på helhet, og ikke den følelsen av atskillelse eller brudd en ofte finner i modernismen, gjør at en etter hvert også leser minnediktene ikke bare som smertefulle tap, men som en innskriving av fortiden i nåtiden ... les ‘Det er ein ungdom inne meg’, ‘Korleis var det med far og hesten’ og ‘Far skapte landskapet’. Disse tre diktene vil nok gå rett inn i poesiantologiene”
HENNING HOWLID WÆRP, AFTENPOSTEN
”Vaage ... er vel meir kjend som ein fin romanforfattar, men er gjerne på sitt aller beste som poet - som her. Skilnaden er ikkje så stor, for Vaage er poet også som prosaist. Tema er tida som går, foreldre som eldest og døyr, kjærleik som gror inn i kvardag, og ungdom som svinn - men som også kan finnast igjen ... Dette er til dels sublime sekvensar - som til saman utgjer eitt stort dikt - om dei eksistensielle vilkår for liva våre”
EIRIK LODÉN, STAVANGER AFTENBLAD
”Det er ikke mange her til lands som skriver så vakker, øm, kompleks og elegant lyrikk som Lars Amund Vaage. I samlingen Den raude staden er han på sitt aller beste ... Det kan virke så åpent og luftig, som kun antydninger og anelser. Men samtidig er det så fast og klart, så intenst tilstedeværende i alt det dempet antydende. Dette er en form som få behersker så godt som Vaage”
GEIR VESTAD, HAMAR ARBEIDERBLAD
Med "Den raude staden" har Lars Amund Vaage skrive eit rikt og komplekst diktverk som utstrålar stor ømheit for dei ulike dimensjonane i tilveret. Diktaren tek oss med på ei reise innover og bakover i tid. Han får besøk av dei døde, av mora og av faren. Musikken har ei viktig rolle i diktarens liv, og vi ser han ved pianoet som barn, ung og som vaksen mann. Dikta knyter seg til musikken som noko anna og kan hende meir varig enn orda. Musikken blir og eit bilete på det vedunderlege og samansette i livet, det vakre vi ser i dødens skugge.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2014
ISBN 9788249513932
Innbinding Ebok
Tittel Den raude staden
Bokgruppe 852
I salg 18.03.2014
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme. To gonger har han vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, sist for romanen Det uferdige huset (2020).

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår.

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Utgitt på Oktober

2023 Mjølketid. Roman
2022 Dikt i samling. Dikt
2020 Det uferdige huset. Roman
2017 Den vesle pianisten. Noveller
2016 Sorg og song. Essay
2014 Den raude staden. Dikt
2012 Syngja. Roman
2011 Den stumme. Dikt
2010 Skuggen og dronninga. Roman
2006 Utanfor institusjonen. Dikt
2005 Tangentane. Roman
2003 Nord Sentralt av Lorine Niedecker. Gjendiktning
2002 Kunsten å gå. Roman
2001 Det andre rommet. Dikt
1999 Den framande byen. Roman
1995 Rubato. Roman
1992 Oklahoma. Roman
1989 Begynnelsen. Roman
1987 Baronen. Skodespel
1985 Dra meg opp! Roman
1983 Kyr. Noveller
1982 Fager kveldssol smiler. Roman
1979 Øvelse Kald Vinter. Roman

 

Les mer

Nyheter

Terje Holtet Larsen og Lars Amund Vaage nominert til P2-lytternes romanpris 2020

Nominasjonene til P2-lytternes romanpris 2020 er nå offentliggjort. Terje Holtet Larsens Oppskrittingen av et indre landskap og Lars Amund Vaages Det uferdige huset er begge nominerte.
Les mer

7.11.23 |Lansering av Lars Amund Vaages "Mjølketid" @Norli Universitetsgata

VELKOMEN TIL LANSERING AV «MJØLKETID», ROMAN AV LARS AMUND VAAGE
Les mer