Begynnelsen

roman

Velg format

kr 119
På lager
ISBN
9788249517152

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2016
ISBN 9788249517152
Innbinding Ebok
Tittel Begynnelsen
Bokgruppe 852
I salg 09.05.2016
Emne Romaner Skjønnlitteratur
"Det var ingen spørsmål meir som krov eit svar. Tida for å tenkje var forbi. Tid for handling likeeins. Det var tid for rørelse og eg stupe fram. Eg opna døra. Eg stoppa ikkje der. Eg måtte halda hovudet mitt tomt."
”En stor og særegen opplevelse venter den som lar seg rive med av Vaages dristige og nyskapende språkkunst. Glem postmoderne underholdning, dette er diktning som danser på nervene, om de Store Ting”
MERETE ALFSEN, DAGBLADET, KRITIKERNES FAVORITTER 1998
”ein sentrallyrisk roman om å bli til, å bli forma, og få identitet. Under prosessen blir ein fanga av si eiga historie mens ein skapar seg medvit og identitet ved å ta denne historia, dette livet opp i seg ... Den dirrande spenninga lesinga gir, er Lars Amund Vaages verk”
JAN ASKELUND, STAVANGER AFTENBLAD
”Meisterleg prosadikt frå Vaage ... eit høgdepunkt i karrieren hans så langt”
HERMANN STARHEIMSÆTER, GULA TIEND
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for, og som dessutan vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme.

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. 

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer