Baronen

Velg format

kr 175
ISBN
9788270944477
I København rekk husa opp til himmelen, det har du sagt. Eg ser til verdens ende. Ein underleg figur. Det må vera kongen. Er ropar herre, herre, han helsar med meg ei rørsle med augo. Eg snur meg. Eg løftar føtene. Eg kjenner ingen. "Høgst aller kjæraste husbond, og far til mine born. Gud halde dykk oppe, min hjartekjære, all lukkeleg velstand, og lat meg alltid få høyra gode tidender frå dykk. Det ønskjer eg meg av hjarta ..."

Lars Amund Vaage er fødd i Kvinnherad i 1952. I nærleiken av det einaste baroniet i Norge, Rosendal. Den stilfulle hovudbygningen, den praktfulle hagen, der ungdommen har sverma hundreåra til endes. På 1600-tallet budde Karen Mowat i borga. Ho hadde gifta seg med adelsmannen Ludvig Rosenkrantz. Men adelens dagar var talde. Og deira edle kjensler spela seg ut mot ein bakgrunn av krig, sjukdom og hunger.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 1987
ISBN 9788270944477
Innbinding Pocket
Tittel Baronen
Bokgruppe 411
Emne Skjønnlitteratur
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme. To gonger har han vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, sist for romanen Det uferdige huset (2020).

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår.

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer

Nyheter

Terje Holtet Larsen og Lars Amund Vaage nominert til P2-lytternes romanpris 2020

Nominasjonene til P2-lytternes romanpris 2020 er nå offentliggjort. Terje Holtet Larsens Oppskrittingen av et indre landskap og Lars Amund Vaages Det uferdige huset er begge nominerte.
Les mer