21.09.24 | Lansering av Tore Renbergs Lorden @Sølvberget

21.09.24 | Lansering av Tore Renbergs Lorden @Sølvberget

Det står eit gammalt Lordeslott oppe ved Lindevatnet og skodar ut over landskapet. Ein hustrig vinter er kommen til den vesle bygda, og ein morgon ligg det ei ung jente i snøen. Det er den lokale barnestjerna, Ellen Sofie Bestandig. Formannen i historielaget, Jon Magne Moi, er overtydd om at han veit kva som har gått føre seg. Og Lorden kjem nærmare.

På Kapittels avslutningskveld lanserar Tore Renberg sin nye roman Lorden, den tredje nynorskromanen etter Du er så lys og Tollak til Ingeborg. Mørkt lysande og full av vrimlande menneskeliv. Du møter Renberg i samtale med kritikar og redaktør i Klassekampen, Karin Haugen.

Tore Renberg (f. 1972) vaks opp på Madla i Stavanger, der han skreiv sitt første dikt andre juledag 1986. Det blei starten på eit forfattarskap prega av stort overskudd, djup innleving og ein imponerande spennvidde, frå dee ikoniske oppvekstbøkene om Jarle Klepp til romanar som Tollak til Ingeborg og Du er så lys, og den oppsiktsvekkande Teksas-serien.

Etter fem års grundig research ga Renberg ut sin første historiske roman, Lungeflyteprøven, i 2023. Romanen er eit foreløpig hovudverk i forfattarskapen og har blitt hylla som ei fornying av sjangeren. Renberg har motteke ei rekke litterære prisar og bøkene hans kjem ut i 26 land. I 2024 blei Tollak til Ingeborg nominert til Strega-prisen, Italias mest prestisjetunge litterære pris.

Karin Haugen (f. 1978) er ein norsk litteraturvitar, journalist og redaktør. Haugen er i dag redaktør i Bokmagasinet til Klassekampen, og sit også i redaksjonen til Manifest Forlag. Hennar første bok, Det golde landet, handlar om ufrivillig barnløyse. Den blei nominert til Kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne i 2020.

Arrangementet er ein del av Kapittelfestivalen, 18.-22. september 2024. Sjå kapittel.no for fullt program.

Andre arrangementer

25.09.24 | Lansering av Carl Henrik Grøndahls "Fylkesføreren" @Café Olaf, Norli Universitetsgata

Møt forfatter Carl Henrik Grøndahl i samtale med Christopher Grøndahl på Café Olaf i Norli i Universitetsgata onsdag 25. september kl. 17:00.

06.09.24 | Lansering av Marte Wulffs Dyr i byen @Gråbein

Velkommen til boklansering og slippfest for romanen Dyr i byen av forfatterdebutant, artist og Gråbeinvenn Marte Wulff!

21.09.24 | Lansering av Tore Renbergs Lorden @Sølvberget

Tore Renberg i samtale med Karin Haugen

26.09.24 | Lansering av Torgeir Rebolledo Pedersens "Sangbok for vanføre" @TBS Gallery

Velkommen til lansering av Torgeir Rebolledo Pedersens "Sangbok for vanføre"!

20.03.24 | åpen oktober: POESI

I mars åpner vi forlagshuset og inviterer til poesikveld med vårens poeter. Velkommen!

20.03.24 | Lanseringsfest for Kalk og fuktig sol av Runa Skjeldal @Parksalongen

Velkommen til lanserig av Runa Skjeldals andre roman "Kalk og fuktig sol" på Parksalongen

23.03.24 | Lansering for Eplet, nesten // BokBistro @Kampen bistro

Velkommen til lansering av Anna With sin debutbok: Eplet, nesten