Tangentane

roman

Velg format

kr 119
På lager
ISBN
9788249512744

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2013
ISBN 9788249512744
Innbinding Ebok
Tittel Tangentane
Bokgruppe 852
I salg 11.12.2013
Emne Sverige Skjønnlitteratur Romaner
Kva er det som skjer med han? Gud har kanskje kalla meg, tenkjer Hans, men til kva? I sytten år har han vore sokneprest i Sveigen, han er gift med Bente, ho er flyvertinne og ei ofte fråverandre prestefrue. No har Hans begynt å setja seg til pianoet igjen. Kanskje var det slik at han ein gong valde å bli prest for å sleppa unna spelinga? Kanskje må han tilbake til pianoet igjen? Han veit ikkje om Bente trur på han eller ikkje, og då ho flyttar ut av prestegarden, blir han buande åleine. Han søkjer permisjon frå jobben, han vil endra seg. Kva er hans personlege bidrag til verda, og til menneska rundt? Han er oppriktig, desperat og komisk. Han prøver å leva opp til sin eigen erkjenningstrong. Han har ein svimlande og forlokkande tvil som han ikkje slepp tak i.

"Tangentane" er ein inspirert og drivande roman skriven med stor humor og stor desperasjon; ein roman om å overskrida seg sjølv og si eiga sjølvforståing.
”Ja, denne romanen rommer så mange komplekse bilder og gjennomførte glidninger på handlingsplanet, at man ikke annet kan enn å fryde seg. Men det mest imponerende er at Vaage med Tangentane forbløffende nok har skrevet en særdeles morsom roman”
JON ØYSTEIN FLINK, VAGANT
”Få norske forfatter har evnet å gjengi innholdet i den klassiske klavermusikken i ord slik Vaage gjør det. I et språk som det alltid er en ublandet fornøyelse å fordype seg i … Boken myldrer av presise formuleringer av indre konflikter og bevegelser”
YNGVAR USTVEDT, VG
” Vaage har skapt en musikalsk og egenartet roman … Den særegne måten form og innhold veves sammen på i Tangentane, gir romanen en helt egenartet musikalitet … Tangentane har en gjennomtenkt, litterær komposisjon med noe kompromissløst over seg … en original bok som går sine egne veier … en av de mest egenartede romaner jeg har lest”
GRO JØRSTAD NILSEN, BERGENS TIDENDE
”Hans er langt på vei pålitelig – både som romanperson og fortellerinstans, men han har, som de fleste av oss, begrenset innsikt og oversikt, og begrenset selvkontroll. Og det er i dette dempede misforholdet romanen blir så god; mellom hva han er og hva han vil være, på den ene siden, og på den andre mellom hva han er og hva han tror han er … jeg elsker humoren hans … Den er en av de få virkelig gode romanene som blir gitt ut”
TRUDE MARSTEIN, VINDUET
”i år har den mange ganger prisbelønte Lars Amund Vaage utgitt en roman som kanskje inntil videre oppsummerer hans viktigste temaer så langt: Hva vil det si å realisere seg selv, og hvor mye kan et menneskeliv egentlig romme før det går i stykker? … Kompositorisk og språklig er det ingen som gjør det samme som han, ingen som gir fra seg romaner som evner å behandle de tyngste eksistensielle temaer som om de var en fuge … her samtaler Vaage både med Søren Kierkegaard og med Henrik Ibsen, men uten store fakter, og desto mer intenst”
TORUNN BORGE, KLASSEKAMPEN
”Humoristisk, poetisk og befriende originalt … Liksom så mye annet overraskende i denne boka, har Vaage en original og svært humoristisk framstilling av kunstnerens rolle … Men så er det dette vakre språket hans da; rytmen, formuleringene, de enkelte ordene. Ja, det synger i denne boka som er så full av ‘sorg og sut’”
CATHRINE KRØGER, DAGBLADET
”Det er mykje sakn og sorg og vemod i Lars Amund Vaages forfattarskap. I årets roman Tangentane er det også mykje sørgjeleg, men her visar Vaage seg i tillegg som ein humorist, og det kler ham … Dermed blir det opp til lesaren å finne ut kva slags kar sokneprest Ulvik er, og kva det er som rir han. Og mens ein lurer på det, og mens ein kanskje til og med morar seg over stakkaren, kan ein heilt uforvarande risikere å kjenne att sider ved seg sjølv”
MARTA NORHEIM, NRK P2
”En spennende beretning om den romantiske kunstnerdrømmens evne til å forvirre, men også å berøre et liv … Den spørrende, virrende og rytmisk manende prosaen som følger den villfarne fortelleren, gjør denne romanen til et lite stykke musikk, den også”
TROND HAUGEN, DAGSAVISEN
”Vemodsfylt og vakker om kunstnerkallet versus prestekallet … Men som vanlig … klarer Vaage også å trekke ut alt i historien av sorg, savn, vemod og sårhet, og gjøre det vakkert, allment og viktig, i et språk som er rytmisk, presist, poetisk og, naturligvis, fullt av musikk”
SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
”Lars Amund Vaage er en av de mest musikalske norske forfatterne i sin generasjon. Som i Rubato viser han finstemt evne til å ta litteraturen inn i musikken. I et enkelt, avklart språk nærmer han seg den middelaldrende mannen og pianoet. Det er ikke bare musikken Vaage har et særpreget litterært grep om. Han er også god til å skildre forsagte menn … Det beste ved Tangentane er skildringene av den middelaldrende prestens endevending av sitt liv og sine drømmer”
TERJE EIDSVÅG, ADRESSEAVISEN
”I romanen Tangentane er Vaage på sitt beste når han skildrar den kunstnarlege uttrykkstrongen … Det var flott å lese korleis han skildrar kampen musikaren fører for å forløyse den musikken han ønskjer å formidle, korleis det kjennest når han ikkje får det til, og når han får det til … [språket] er vakkert. Gjentaking er eit av verkemidla i poesien, og brukt på rette måten gjev det óg prosa ein poetisk kvalitet. Spesielt i første del av boka verka denne forma forsterkande for tematikken, og eg opplevde skildringane som gode og sterke … språket er godt tvers igjennom heile boka … ei rørande og vakker bok”
MERETE RØSVIK GRANLUND, DAG OG TID
”Språket er umiskjenneleg «vaagsk», oppfinnsamt, til tider blir det nesten lyrisk. Den ironiske snerten manglar ikkje heller. Det mest imponerande er kanskje likevel måten forfattaren nyttar språket på for å gjere oss lesarar nyfikne, spørjande. Stadig vekk hadde i alle fall eg ei kjensle av at ein (eventuell) bodskap som måtte liggje i orda glei unna som ein glatt sprellande fisk. Slikt vert det litteratur av”
BJARNE TVEITEN, FÆDRELANDSVENNEN
”Vaage har lukkast i å skrive ein fortetta, granskande tekst om det å ofre kvardagslivet for kunsten. Språket har ei fin veksling mellom korte, presise utsegner og biletrike utbroderingar som blottlegg dei kjensler og tankar hovudpersonen strir med … Skildringa av vår tids livskjensle, det moderne menneskes lengt etter ei slags indre fullbyrding, gjer boka til viktig litteratur”
ROY M. ERIKSEN, HAUGESUNDS AVIS
”Romanen er medrivende og godt skrevet, kretser om vesentlige problemstillinger i et liv: om tvil og tro, erkjennelse og selvinnsikt”
KJELL ERIKSSON, SARPSBORG ARBEIDERBLAD
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for, og som dessutan vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme.

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. 

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer