Sorg og song

tankar om forteljing

Velg format

kr 349
På lager
ISBN
9788249515721

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2016
ISBN 9788249515721
Innbinding Innbundet
Tittel Sorg og song
Bokgruppe 310
I salg 13.01.2016
Emne Essay Faglitteratur Forfattere Autisme Forfatterskap
«Eg dveler ved skapingssoga for "Syngja" fordi eg trur ei slik soge kan kasta lys over kva litteratur er. Kastar me lys over kva litteratur er, kan det henda at me også ser eitkvart om sjølve språket. Ikkje minst trur eg soga om boka, forteljinga om forteljinga, kan seia noko om kva forhold me som samfunn har til avvik og dei svake»

Då romanen «Syngja» kom ut i 2012, vart han møtt med strålande meldingar frå samstemte kritikarar, og for boka vann Vaage Brageprisen. Men «Syngja» var også boka forfattaren ikkje trudde han kunne skriva. Med denne romanen som utgangspunkt drøftar Vaage korleis livsrøynsler kan gjerast om til språk og litteratur, og kva som kan hemma eller drepa slike uttrykk. Hindringane kan verka uoverstigelege når temaet er eit lidande barn.

Er det slik at det språklause barnet er omgitt av språk som ikkje kan dekka eller forklara livet hennar? Blir til og med diktaren stum når han lever i det språkleg fattige hjelpeapparatet? I «Sorg og song» fortel Lars Amund Vaage om korleis det kan opplevast når diktinga vert møtt som vedkjenningslitteratur. Han viser ikkje berre korleis han nærmar seg autismen i tidlegare bøker, men òg korleis det språklause gjeld alle menneske. Ikkje minst skriv han om å skriva: om å gi ord til det ordlause.
”I sitt nye essay, den lange, interessante teksten Sorg og song, dveler Vaage ved prosessen rundt å skrive og lansere Syngja. Flere av refleksjonene kjenner vi igjen fra romanens metaperspektiv. I essayform fører Vaage ordet i et enda mer nakent, spørrende språk, der han åpner for en videre, større samtale om å skrive, og om språkløsheten, slik den har trådt fram i hans eget forfatterskap”
ASTRID HYGEN MEYER, KLASSEKAMPEN
Sorg og song er en grunnende og drøftende bok som stadig tar nye omveier, og ender opp med nye erkjennelser ... Som kritiker kjemper jeg stadig med språket, og noen ganger er kampene hardere enn andre. I noen få tilfeller er det nærmest umulig å finne ord som yter rettferdighet til den kompleksiteten, det viddet og den språkprakten et verk består av. Sorg og song er et av de verkene”
MARI REINHOLT AAS, VÅRT LAND
”tusen takk for boka! Den er verkeleg fantastisk, gjennomlysande, gjennomransakande, intelligent og interessant. Eg har aldri før opplevd at ei bok talar så direkte til meg ... Eg vil presse dei grensene du har sett, og gjere det rommet du har opna endå større. Måtte din klokskap og sensitivitet smitte!”
OLAUG NILSSEN, VAGANT 1/2016
”Det er noe skjørt og famlende over Vaages essay, befriende fritt for skråsikre utsagn, selv om han er på jakt etter en litterær autoritet, etter det som gir skjønnlitteraturen autoritet ... Vaage åpner rom etter rom etter rom: Han skriver om overskridelsen han som forfatter kjenner på, en overskridelse inn i et ukjent land som samtidig er midt inne i forfatteren. Om den hellige trangen i forfatteren etter å nå den andre. Om gleden ved å gi til leseren ... Viljen til å komme til bunns i mennesket, i seg selv, uten frykt for det du vet ikke kommer til å se pent ut, er sterk hos Vaage”
ESKIL SKJELDAL, BOKVENNEN LITTERÆR AVIS
”Vaage snakker om taushet, og temaer vi ofte tier om i sitt ny langessay Sorg og song. Han bruker også et vakkert litterært språk for å vise fram de sidene ved livet som vi ellers ikke ser, eller ikke vil se”
VIDA SUNDSETH BRENNA, UNIVERSITAS
”Det har blitt ei bok der det språkløse står i sentrum, og som også inkluderer dikterens forsøk på å gi ord til det ordløse. På én side handler det om Vaage og familiens personlige erfaringer, og det er et sterkt og gripende stoff som legges fram. Og det gjøres på like vakkert vis som Vaage alltid gjør, enten om det er diktning eller essay det handler om. Men stoffet utvides også fra det private til det allmenne, og det tas enda videre – til dikterens refleksjoner om sitt eget arbeid. Slik blir dette ei betydelig bok for den som vil vite mer om Vaages forfatterskap”
GEIR VESTAD, HAMAR ARBEIDERBLAD
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter. Tre år seinare slo han gjennom med romanen Fager kveldssol smiler. Han har sidan skrive ei rekke særeigne romanar, noveller, skodespel, barnebøker og dikt. Han er og gjendiktar. Han har motteke mange prisar for bøkene, mellom anna Kritikerprisen i 1995 for Rubato, og Aschehougprisen samme år, for Rubato blei han også innstilt til Nordisk Råds pris. Han har fått Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfatterskap. I 2002 fekk han P2-lyttaranes pris for romanen Kunsten å gå, i 2005 fekk han Emmausprisen for Tangentane og i 2011 fekk han Melsomprisen for Skuggen og dronninga. Romanen Syngja (2012) fekk strålande kritikkar. Vaage fekk Brageprisen, Nynorsk litteraturpris og blei nominert til Kritikerprisen for boka. Det uferdige huset (2020) er Vaages tjuande bok for vaksne. 

Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Fleire av bøkene hans har skapt debatt då dei kom ut, t.d. Den framande byen, den nyskapande historiske romanen om psykiataren Wilhelm Reich, og romanen Tangentane om ein knust musikardraum frå 2005. Nokre av verka hans har blitt omsette til andre språk, t.d. tysk, russisk, polsk, hindi og engelsk.

I 2001 var han festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen og i 2008 ved Dei nynorske festspela.

Vaage har gjendikta den amerikanske lyrikaren Lorine Niedeckers viktigaste verk Nord sentralt (2003), og Å koma tilbake frå fienden (2006) av cherokee-indianaren Joy Harjo. I 2009 kom Sanndrøymd. Dikt for unge av poeten og bygningsmannen Bob Arnold. I 2007 ga han ut ei omsetjing av Katt på heitt blekktak av Tennessee Williams.

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer