Den vesle pianisten

noveller

Velg format

kr 379
På lager
ISBN
9788249518005
”Den vedvarande appellen ved Vaages prosa ligg i at den evnar å balansere så fininnstilt mellom noko mytisk og noko handfast. Det resulterer ofte i eit påtakeleg musikalsk, for ikkje å seie vakkert språk ... Prosaen er òg appellerande fordi ein overraskande kvass humor avverger det potensielt pompøse ved skildringa av det tause og språklause ... det er få forfattarar i samtidslitteraturen som evnar å skrive om musikk og få det ikkje berre til å bli eit tema, men òg ei form ... det stikk djupt, kjærleiken til språket, til menneska og til musikken. Det er med ein slik sensibilitet overfor ei musisk einsemd Lars Amund Vaage peiker seg ut som ein av våre verkeleg gode samtidsforfattarar”
MARGUNN VIKINGSTAD, MORGENBLADET
”Ordmusikk og tonespråk fra Vaage ... Årets Den vesle pianisten består av åtte forholdsvis lange, men velkomponerte og på ulikt vis interessante noveller som tar opp i seg kjernen i Vaages tematiske register: Språk, musikk og fortelling, utenforskap, tradisjon og samfunn, og kjærlighetens vilkår og vesen. Samtlige noveller bærer forfatterens umiskjennelige stilistiske signatur ... Flere av Vaages personer strir taust med sitt ... Forfatteren selv derimot synes å søke seg stadig dypere inn mot dette usigelige, som diktet dog skal røpe. Og takk for det!”
SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
”Stilsikre novellar om språk, ord og liv. Lars Amund Vaage har ei særmerkt men sterk stemme i norsk litteratur, også denne gongen ... Språket i Vaages prosa har mange poetiske drag, ikkje minst ein rytme som festar seg etter som ein les. Gjennom dette særmerkte språket veks personar og landskap, ikkje minst hus og heimar, og hyblar, fram ... Vaage skriv om røter, tradisjon, kulturlandskap og familiekultur. I forteljinga om Den vesle pianisten les vi om kampen for det kunstnarlege språket, det rette uttrykket, om å meistre eller ikkje, om å kopiere eller skape nytt. Dette er ei rik bok”
EMIL OTTO SYVERTSEN, FÆDRELANDSVENNEN
”Vaages nye noveller spiller på kjente toner i grenselandet mellom språk, musikk og språkløshet ... Med korte, enkle setninger, ofte med spørsmålstegn, beveger teksten seg i sirkler rundt menneskelivet, forsøker å fatte livets grenser, med en ordknapphet og elegi som kan minne om gammeltestamentlige tekster”
TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN
”Lars Amund Vaage er varhetens mester i norsk litteratur ... Lars Amund Vaage (LAV) skriver til dels høytidelig om det lave i mennesket, men også jordnært om det høye, om de edlere aspirasjoner, om kunsten, særlig musikken, og selv om personene i boken kommuniserer dårlig med omverdenen, korresponderer tekstene med leserens erfaringer og gjør dem rikere, særlig ved forfatterens følsomhet for de avgjørende øyeblikkene og ørsmå stemningsskiftene i den enkeltes sinn, og i den ordløse delen av menneskenes dialoger”
ODD W. SURÉN, VAGANT
”Finslipt novellekunst fra Lars Amund Vaage ... på sitt beste er de høydepunkter i norsk prosa ... De sju novellene i høstens bok er alle preget av den lettflytende, fint registrerende prosaen til Vaage ... Den norske bygdeblygheten får seg et slag på nesa av den hvasse Vaage. For midt i den finslipte prosaen kan denne forfatteren være klartskuende til det brutale ... i den avsluttende 'Seint' [..] viser Lars Amund Vaage igjen hvor elegant han kan formulere en fortelling om manglende nærhet og underskudd på kjærlighet. Med hjelp av få og presise setninger stiger det fram en familie som er ute av stand til å sette ord på sine gode følelser. En avslutning som retter oppmerksomheten mot styrken i denne novellesamlingen, koblingen mellom det stilistisk elegante og den ubehagelige avdekkingen av vår ofte hjelpeløse evne til kommunikasjon”
TURID LARSEN, DAGSAVISEN
”Stødig om sakn. I sterke noveller skildrar Lars Amund Vaage korleis ord, eller mangelen på ord, påverkar relasjonar og stemningar ... Forfattarar er heldigvis i den særstillinga at dei kan skildre språkløyse og ordløyse med språk, med Vaage i tetsjiktet ... Språkstilen til Vaage sjølv er rik, dynamisk, klangsterk og undersøkande. Lesaren blir ikkje usikker på kva steg forfattaren har i trappa. Utan at det dermed er sagt at vi veit kvar han til ein kvar tid skal”
INGVILD BRÆIN, DAG OG TID
”Åtte sterke soger frå Vaage ... Eg syntest det var ei stor glede å lese denne novellesamlinga. Ho har mange lag, og heile tida kunne eg nyte forteljingane på grunn av Lars Amund Vaage sin intense og tildels suggererande måte å skrive på. Boka er med dette tilrådd!”
VIDAR HAUGLAND, KVINNHERINGEN
"Nokre få gonger i livet drøymde Sigurd at han kunne spela piano. Spela kunne han i vaken tilstand også, og betre enn mange andre, det var ikkje det, men i draumen vart spelet hans forløyst. Tonane trilla ut av han, fall, rasa, eller dei song i han, slik at han gløymde kven han var, eller tykte han blei ein annan. Det han skapte med hendene på klaviaturet, var ikkje berre vakkert, i draumen, det var også sant. Utan at han trong streva for det, opna han seg, innover i seg sjølv og ut mot verda, og endå om han ikkje hadde tenkt eller planlagt noko, sa tonane hans det gode og rette om livet og menneska. Tonane som han sjølv spela, lyste inn i han, knytte opp dei vonde knutane hans i rasande fart, bar med seg ei uforklarleg glede og løfta han inn i ein tilstand han ikkje visste han kunne nå."

I dei åtte novellene i "Den vesle pianisten" finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige språk, borte frå heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim å finna.

Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv Lars Amund Vaage om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2017
ISBN 9788249518005
Innbinding Innbundet
Tittel Den vesle pianisten
Bokgruppe 412
I salg 07.08.2017
Emne Skjønnlitteratur Noveller
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme. To gonger har han vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, sist for romanen Det uferdige huset (2020).

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår.

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Utgitt på Oktober

2023 Mjølketid. Roman
2022 Dikt i samling. Dikt
2020 Det uferdige huset. Roman
2017 Den vesle pianisten. Noveller
2016 Sorg og song. Essay
2014 Den raude staden. Dikt
2012 Syngja. Roman
2011 Den stumme. Dikt
2010 Skuggen og dronninga. Roman
2006 Utanfor institusjonen. Dikt
2005 Tangentane. Roman
2003 Nord Sentralt av Lorine Niedecker. Gjendiktning
2002 Kunsten å gå. Roman
2001 Det andre rommet. Dikt
1999 Den framande byen. Roman
1995 Rubato. Roman
1992 Oklahoma. Roman
1989 Begynnelsen. Roman
1987 Baronen. Skodespel
1985 Dra meg opp! Roman
1983 Kyr. Noveller
1982 Fager kveldssol smiler. Roman
1979 Øvelse Kald Vinter. Roman

 

Les mer

Nyheter

Terje Holtet Larsen og Lars Amund Vaage nominert til P2-lytternes romanpris 2020

Nominasjonene til P2-lytternes romanpris 2020 er nå offentliggjort. Terje Holtet Larsens Oppskrittingen av et indre landskap og Lars Amund Vaages Det uferdige huset er begge nominerte.
Les mer

7.11.23 |Lansering av Lars Amund Vaages "Mjølketid" @Norli Universitetsgata

VELKOMEN TIL LANSERING AV «MJØLKETID», ROMAN AV LARS AMUND VAAGE
Les mer