08.10.24 | Lansering av Margreth Olins Song til mor @Ingensteds

08.10.24 | Lansering av Margreth Olins Song til mor @Ingensteds

Velkomen til lansering Margreth Olins «Song til mor» @Ingensteds

Margreth Olin i samtale med Geir Gulliksen

 

8. oktober kl 19.00
Ingensteds, Brenneriveien 9, 0182 Oslo

 

PROGRAM

Margreth Olin les frå «Song til mor»  og samtalar med forfattar og forleggar Geir Gulliksen.

Det blir boksal og signering.  

OM BOKA

Margreth Olins mor har aldri vore som andre mødrer. Kanskje skulle ho ha vore kunstnar sjølv. Ho arbeidde

på handelslaget, det var ein kunst, det òg. Ho var fylt av song og kjærleik.

 

Etter tretti år som filmskapar blir Margreth overmanna av livet og veit ikkje korleis ho skal takle det. Som alltid reiser ho heim for å søkje råd hos foreldra sine. Resultatet

er filmen Fedrelandet. Natta etter premiereframsyninga i Oldedalen blir Margreth Olins mor brått sjuk. Ho døyr to døgn seinare.

 

«Song til mor» skriv seg fram frå sorga. Dette er ei øm forteljing om livslang kjærleik – til naturen, til kunsten, til mor og far.

 

Velkomen!


Arrangement på facebook

 

Aktuelle bøker

Andre arrangementer

26.09.24 | Lansering av Torgeir Rebolledo Pedersens "Sangbok for vanføre" @TBS Gallery

Velkommen til lansering av Torgeir Rebolledo Pedersens "Sangbok for vanføre"!

08.10.24 | Lansering av Margreth Olins Song til mor @Ingensteds

Velkomen til lansering Margreth Olins «Song til mor» @Ingensteds Margreth Olin i samtale med Geir Gulliksen.