Sibylle

roman

Velg format

kr 349
På lager
ISBN
9788249517121
"Det er ein fin roman Aanestad her har skrive, teksten er konsentrert og komprimert, og personane opplever slikt dei fleste truleg kan kjenna seg att i. Her er det ikkje dei uvanlege situasjonane som definerer personane, men det som er norma for dei, og opplevinga av det som utgjer denne norma. Aanestad er kompromisslaus når det gjeld stil og metode, ho gjer seg ikkje til for lesaren, men skriv samla og med opne sansar slik at det dramatiske ovrar seg i det trivielle for lesaren. Sibylle er kort sagt framifrå skrivekunst"
ODD W. SURÉN, DAG OG TID
"Aanestad fortsetter å skrive god, poetisk prosa ... en vakker skildring om å miste en som står en nær, i dette tilfellet en mor ... de små endringene savnet skaper løftes fram og blir tydelige. Vi får vite lite om moren, fokuset ligger på de som er igjen og tomrommet morens fravær har skapt, og Aanestads språk passer til å vise nettopp dette ... Aanestads vakre, dempa fortellermåte gjør hennes romaner særegne og sterke, og Sibylle er intet unntak"
IDA VÅGSETHER, STAVANGER AFTENBLAD
Storesyster Synne kjem heim frå Berlin, og saman med faren køyrer Synne og Sibylle den lange vegen vestover for å besøka mormora. Mora vaks opp der, men på veggene heng det ingen bilete av henne. For Sibylle finst ho berre som brotstykke av dei andre si forteljing.

«Sibylle» er ein roman om å vera systrer i spennet mellom intim nærleik og veldig avstand, og om å leva både med det som finst og med det som ikkje finst. I ein straum av glasklare setningar skriv Ingrid Z. Aanestad fram eit djupt hòl i eit ganske alminneleg liv.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2016
ISBN 9788249517121
Innbinding Innbundet
Tittel Sibylle
Bokgruppe 411
I salg 11.08.2016
Emne Vestlandet Skjønnlitteratur Søsken Romaner
Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad er fødd i 1983 og vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013), Sibylle (2016) og Ein dag vaknar me og det er sommar (2020) samt essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1) og essaysamlingen Heim (2022). 

Flere forfatterpotretter

Utgitt på Oktober

2022 Heim (essay)
2020 Ein dag vaknar me og det er sommar
2018 Kva hender i romanen? (Lese, skrive)
2016 Sibylle
2013 Sol, seier ho
2010 Stormkyss
2008 Eg kjem med toget
2006 I dag er ein fin dag
Les mer