Bla i boken

Det uferdige huset

roman

Velg format

kr 379
På lager
ISBN
9788249522736

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2020
ISBN 9788249522736
Innbinding Innbundet
Tittel Det uferdige huset
Bokgruppe 411
I salg 30.10.2020
Design Exil Design
Emne Romaner Identitet Vestlandet Forfattere Bygder Skjønnlitteratur 1900-tallet Historisk litteratur
Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889. I "Det uferdige huset" har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye, sjølvstendige Noreg.
Den dagen Gabriel Hallvardson kjem til verda, er ein svart dag i Haugegardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, på den eine eller andre måten, og kor det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn. "Alle endrar seg, også dei døde", tenkjer Gabriel. Og han finn trøyst i orda, især når dei liksom svingar seg framfor han og det berre er å henta dei ned på papiret. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg. Men kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter når det trengst?

"Det uferdige huset" er ein roman om å koma til skrifta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet. Lars Amund Vaage har skrive fram eit gripande portrett av ein ung mann i spenn mellom pliktkjensle og kunstnarkall.
"Nytes langsomt. Lars Amund Vaage henter inspirasjon fra egen slektshistorie, og forteller inderlig og presist … Romanen, som er den 20. i Vaages forfatterskap, skildrer et dikterkall som presser seg fram der man minst forventer at det finnes jordsmonn for slikt. Den forteller om diktning mot alle strømninger i tid og sted. Og den er fortalt i et språk som skinner av poesi og flotte bilder … Tvil og tro på eget dikterkall gjennomstrømmer historien om Gabriel Hallvardsson Hauge. Den er inderlig fortalt. Lars Amund Vaage beskriver kvalene med stor troverdighet og poetisk kraft"
INGER BENTZRUD, DAGBLADET
"Det uferdige huset er formulert på et fremragende nynorsk … Boka starter i en annen tid. Også ved forrige århundreskifte liknet Norge et hus under bygging, noe boka nærmer seg på flere nivåer … flere passasjer er unike, umistelige … Diskusjoner av forholdet mellom språk, hjem og identitet framstår som romanens beste partier, ved siden av brutalt vakre landskapsskildringer"
TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN
"Historisk, tidsaktuell og gripande roman … Trass i at vi kjem nær på kunstnaren som blir dregen i mange retningar, såg eg likevel ikkje slutten kome. Den er dramatisk på den lågmælte måten denne forfattaren nærmar seg livsdramatikken på, utan store fakter men heile tida med ei uro eller ein nerve under. Romanen går framover, mens teksten stadig går i sløyfer innom dei ulike spørsmåla. Det er ein rytme her som er nøye komponert utan å verke konstruert. Dette er klok og vakker prosa, skapt for sakte lesing"
MARTA NORHEIM, NRK BOK
"Nydelig om stillferdige folk, landskap og lengsel. Lars Amund Vaage skriver med en helt særegen rytme og puls… en helt spesiell leseropplevelse … Romanen balanserer fint mellom å speile tidsånden og å handle om en dikter som etter hvert strever med å få diktene sine til å ‘syngja’"
GRO JØRSTAD NILSEN, BERGENS TIDENDE
"Det er ren nytelse å lese Lars Amund Vaages nye roman. Det uferdige huset er prosakunst på høyt nivå … Det uferdige huset kan karakteriseres både som en kunstnerroman og en historisk roman. Men først og sist er dette fortellerkunst som smyger seg under huden på leseren … Her er ingen idyllisering eller harmonisering, men ofte krasse og presise karakteristikker av «bratte nakker» og bygdefliren over dem som er annerledes … Lars Amund Vaage har innarbeidet en hel liten poetikk i denne romanen. Han skriver vakkert og innsiktsfullt om diktning, om hvordan ordene og setningene blir til"
TURID LARSEN, DAGSAVISEN
"Stilrent portrett av dikterspire som slites mellom plikt og poesi, tradisjon og modernitet … Flere av forfatterskapets særtrekk synes på forbilledlig vis å ha funnet sammen i Det uferdige huset, en tittel med allegoriske, vesaaske kvaliteter … en velkomponert og velskrevet dannelsesfortelling om lengsel og forsakelse"
SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
"En verdigjenstand er først en skatt for den som ikke tar den for gitt, og det er kanskje noe av hemmeligheten til Lars Amund Vaage. Han er nysgjerrig på språket og hva det kan gjøre … Enkelte passasjer er praktfulle, og jeg kommer nærmere det jeg vet er mine egne oldeforeldres historie. På sitt beste angår denne romanen meg på en måte utenom det vanlige, kanskje nettopp fordi noe jeg trodde var dødt, begynner å bevege på seg"
LIVE LUNDH, MORGENBLADET
"Kva er det som gjer eit hus til ein heim, kva er det som knyter folk saman, og kva gjorde folkehøgskulane med gåverik bygdeungdom tidleg på 1900-talet? Forfattar og bonde Ragnvald Vaage var bestefaren til forfattaren, og inspirert av han kjem denne historia om store draumar, uferdige hus og ei pliktkjensle det ikkje går an å bli kvitt. Vondt og vakkert. Nei, vakkert og vondt"
MARTA NORHEIM, NRK, ÅRETS BESTE BØKER 2020
"Noen romankarakterer er så levende at de blir med meg videre i livet, som en ny venn. Gabriel Hallvardsson Hauge er en sånn karakter, og selv om handlingen er lagt til begynnelsen av forrige århundre, kjennes hovedpersonens lengsler og kvaler brennaktuelle gjennom Vaages dirrende språk"
SIRI ODFJELL RISDAL, KAPITTEL, ÅRETS BESTE BØKER 2020
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for, og som dessutan vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme.

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. 

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer

Nyheter

Terje Holtet Larsen og Lars Amund Vaage nominert til P2-lytternes romanpris 2020

Nominasjonene til P2-lytternes romanpris 2020 er nå offentliggjort. Terje Holtet Larsens Oppskrittingen av et indre landskap og Lars Amund Vaages Det uferdige huset er begge nominerte.
Les mer