Bla i boken

Vere og døy - døy og vere

dødslære

Velg format

kr 329
På lager
ISBN
9788249525645
"Denne boka trengte jeg. Kjartan Hatløys dikt kan fly med svaler, skru ned dagslyset og løfte spedbarn opp mot stjernene. Mer trengs ikke"
TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN, ÅRETS BESTE BØKER 2022
"Kjartan Hatløys nye diktbok er sterkt prega av filosofisk tankegods, men dei kjende motiva er der. Og også desse dikta overraskar … Hatløy har skrive modige dikt, som trass i at dei er tenkjande, også glimtar til med det vene og vendinga mot noko uventa, men utan store fakter …. Hatløys poetiske rørsler og skrivemåte liknar fuglens: Dikta krinsar over og med orda, omgrepa, døden, dei slår seg ned på ei grein, er på bakken, gjer ei flukt, er høgst oppe, svevar, er borte. Så dukkar dei brått opp att, ein annan stad"
SINDRE EKRHEIM, DAG OG TID
"Hatløy evner å skifte perspektiv raskt, fra kosmiske spekulasjoner til nærstudier på kjøkkenet … Boka starter med antikkens spørsmål om hva det vil si å være til. Diktene lever opp til undertittelen «Dødslære» ved å bestå av korte, vekselvis konstaterende og spørrende setninger. Heller enn å bli høyttravende filosofisk, griper Hatløy problemstillingen an med undring: Å være er «å kome ut i ei uro over å vere til» … en av hans aller beste [bøker] … I likhet med mange tekster som foregir å lære mennesket å dø, handler denne boka framfor noe om å leve. Ordet «vere» omkranser det å «døy» i bokas tittel. Hatløys dikt får fram hvordan døden intensiverer erfaringen av å leve"
TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN
«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?»

Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge.

Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere.

«Vere og døy - døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2022
ISBN 9788249525645
Innbinding Pocket
Tittel Vere og døy - døy og vere
Bokgruppe 413
I salg 09.09.2022
Emne Skjønnlitteratur Lyrikk
Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 blei innstilt til Brageprisen, mens Den kvite vegen (2016) blei innstilt til Ungdommens kritikerpris og er omsett til tysk. I 2017 utkom Dikt i samling, som inneheld alle Hatløys bøker t.o.m. Den kvite vegen. Same år utgav den tyske filmskaparen Frank Wierke ein dokumentarfilm om forfattaren Kjartan Hatløy, Der Sonnenfuchs. Diktsamlinga Menneskedagar utkom i 2018. Vere og døy – døy og vere er Kjartan Hatløys 14. samling.

Hatløy er rekna som ein av våre største naturlyrikarar. I 2015 blei han heidra med lyrikkprisen Diktartavla for sin markante forfattarskap. Den legendariske diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blei med dette utvida med steintavle nr. 24. Diktartavla skal fremja positiv merksemd om norsk lyrikk og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

I 2021 ble Kjartan Hatløy tildelt Doblougprisen for hele sitt forfatterskap.

 

Litterære priser:

Doblougprisen 2021

Diktartavla 2015

Kvernsteinprisen 2014

 

Utgitt på oktober:

1996 Solreven
1997 Svarande pupill
2001 Stasjon smale seng
2002 Nattsong og andre forteljingar
2003 Steg frå klar himmel
2005 Riket er vårt, damti damti
2006 I kråkekrins
2011 Fjord
2012 Kjøkkendikt
2014 Mi meinings hus
2016 Den kvite vegen
2018 Menneskedagar
2022 Vere og døy – døy og vere. Dødslære

 

Les mer

Nyheter

Kjartan Hatløy og Mona Høvring tildelt Doblougprisen 2021

Doblougprisen 2021 er tildelt Kjartan Hatløy og Mona Høvring. Tildelingen fant sted under Norsk Litteraturfestivals åpningsforestilling i går kveld.
Les mer