Foto: Finn Ståle Felberg Last ned høyoppløselig versjon av bildet
Inger Bråtveit
Foreign rights information/Salg til utlandetInger Bråtveit (f. 1978) er frå Suldal. Ho debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For den fekk ho Nynorsk litteraturpris, og ho vart kåra til "Årets debutant" på Forfatterne.net. Boka er også blitt omsett til svensk. Ho har vore medredaktør av litteraturtidsskriftetet Vagant, og arbeider no som omsetjar for Det Norske Bibelselskap sitt prosjekt «Bibel 2010», ein fullstendig revisjon av nynorsk -og bokmålsutgåva av Bibelen.
Bråtveit har sidan 2008 arbeidd saman med den norske musikaren og skribenten Jenny Hval a k a Rockettothesky, og saman har dei m. a skrive og framført dei performative førestillingane Frå Mummy Big til Medea og Take My Voice.
Hausten 2008 kom Bråtveits andre roman Siss og Unn, ein roman om mødrer og døtrer, om å klara seg og å gå til grunne.
Inger Bråtveit fekk sølvmedaljen i Dag og Tid si kåring av Årets Beste Nynorskbok 2008 for Siss og Unn, utan å vera nominert. Ho vart også nominert til Kritikerprisen.
I 2009 fekk Bråtveit Bjørnsonstipendet, Bokhandlerforeningens forfatterstipend.
Bøker utgitt på Oktober
| 2009 | Loveprosjekt |
| 2008 | Siss og Unn |
Litterære priser
| 2009 | Bjørnsonstipendet |
| 2003 | Nynorsk litteraturpris |
| 2003 | Bergensprisen |

- Handlekurv
- Nyheter
Høstlisten 2010
For en fullstendig oversikt over årets bøker, last ned årets katalog
Thorvald Steens nye roman solgt for oversettelse til engelsk og tyrkisk
Thorvald Steens rykende ferske roman Løvehjerte er solgt for oversettelse til engelsk og...
Petterson bergtar USA og Storbritannia nok en gang.
Per Pettersons siste roman Jeg forbanner tidens elv har fått strålende kritikker...
Tore Renberg - ny pocketserie
Tore Renberg har skapt et særegent litterært univers fra vår samtid, et fargerikt mylder av sk...
Mirjam Kristensen tildelt Amalie Skram-prisen
Mirjam Kristensen er tildelt Amalie Skram-prisen 2010 for sitt forfatterskap. Amalie Skram-pris...
- Nyhetsbrev
