Ein bølle bankar på – Jennifer Egan i samtale med Linn Ullmann
Den amerikanske romanforfattaren Jennifer Egan har klart det dei fleste romanforfattarar drøymer om. Ho blir omfamna av både publikum og kritikarar, og den siste romanen hennar, A Visit From the Goon Squad, har blitt både bestseljar og kritikaryndling og har mellom anna vunne Pulitzer-prisen og National Book Critics Circle Award.
Romanen, som kom ut på norsk i vår med tittelen Bølle på døra, ser på mange måtar ut som ei novellesamling. Sidefigurar frå eitt kapittel dukkar opp som hovudperson i det neste, og det er ei uroleg rørsle i både tid og rom. Fram og tilbake i raske kast mellom New York, San Francisco, Napoli og Afrika, og hendingane som blir skildra, går føre seg i eit tidsspenn på nærare førti år.
«Tiden er en bølle, ikke sant?» seier punkaren Busco. Ein gong flaug han nesten vektlaus gjennom lufta og blei fanga av fansen. No har han fått kreft, et antidepressiva og altfor mykje is rett frå boksen. Var alt betre før? På Litteraturhuset snakkar Jennifer Egan med Linn Ullmann om tida som ikkje lèt seg stoppe, og om punkarar som ikkje er som dei var.
Onsdag 9. mai kl. 19:00, Wergeland
kr 90,– (studenter 60,–)
Arrangør: Litteraturhuset

- Handlekurv
- Nyheter
Dansk jubel for Per Pettersons Jeg nekter
Per Pettersons roman Jeg nekter utkommer på dansk i disse dager. Forlaget Batzer & Co...
Strålende kritikker til Min kamp. Andre bok i Storbritannia
Karl Ove Knausgårds Min kamp. Andre bok (engelsk tittel: A Man in Love) ble fo...
Linn Ullmanns Det dyrebare – nå 13 land
Linn Ullmanns kritikerroste bestselger Det dyrebare er nå solgt for utgivelse i to nye lan...
Kjell Askildsen tildelt Bøker i Bø-prisen
Kjell Askildsen ble denne helgen tildelt Bøker i Bø-prisen for sitt forfatterskap. Tildelingen fa...
Jon Michelet et halvt år på bestselgerlisten – nå 70.000
Jon Michelet har opplevd massiv suksess med sin store sjøroman fra krigen
- Nyhetsbrev

- Fritekstsøk
- Arrangement
Lisa Lie/PONR «Blue Motell» på Black Box Teater 22.–26. mai.
Les merLisa Lie/PONR «Blue Motell» på Black Box Teater 22.–26. mai.
Les merLisa Lie/PONR «Blue Motell» på Black Box Teater 22.–26. mai.
Les merNorsk Litteraturfestival på Lillehammer - Edvard Hoem
Les merLitteratur på Blås sommerfest - med bl.a. Aina Villanger, Dag Solstad og Nielsen
Les mer