Lars Amund Vaage

Foreign rights information/Salg til utlandet

Lars Amund Vaage (fødd 1952) debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter. Tre år seinare slo han gjennom med romanen Fager kveldssol smiler. Han har sidan skrive ei rekke særeigne romanar, noveller, skodespel, barnebøker og dikt. Han er og gjendiktar. Han har motteke mange prisar for bøkene, mellom anna Kritikerprisen i 1995 for Rubato, og Aschehougprisen samme år, for Rubato blei han også innstilt til Nordisk Råds pris. Han har fått Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfatterskap. I 2002 fekk han P2-lyttaranes pris for romanen Kunsten å gå, i 2005 fekk han Emmausprisen for Tangentane og i 2011 fekk han Melsomprisen for Skuggen og dronninga. Romanen Syngja (2012) fekk strålande kritikkar. Vaage fekk Brageprisen, Nynorsk litteraturpris og blei nominert til Kritikerprisen for boka.

Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Fleire av bøkene hans har skapt debatt då dei kom ut, t.d. Den framande byen, den nyskapande historiske romanen om psykiataren Wilhelm Reich, og romanen Tangentane om ein knust musikardraum frå 2005. Nokre av verka hans har blitt omsette til andre språk, t.d. tysk, russisk, polsk, hindi og engelsk.

I 2001 var han festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen og i 2008 ved Dei nynorske festspela.

Han har gjendikta den amerikanske lyrikaren Lorine Niedeckers viktigaste verk Nord sentralt (2003), og Å koma tilbake frå fienden (2006) av cherokee-indianaren Joy Harjo. I 2009 kom Sanndrøymd. Dikt for unge av poeten og bygningsmannen Bob Arnold. I 2007 ga han ut ei omsetjing av Katt på heitt blekktak av Tennessee Williams. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, mellom anna har han skrive tekstar til eit rekviem av Tord Gustavsen som vart framført på Arendal jazz og bluesfestival sommaren 2009.

Bøker utgitt på Oktober

2012 Syngja
2011 Den stumme
2010 Skuggen og dronninga
2006 Utanfor institusjonen
2005 Tangentane
2002 Kunsten å gå
2001 Det andre rommet
1999 Den framande byen. Ein roman om Wilhelm Reich
1995 Rubato
1992 Oklahoma
1989 Begynnelsen
1987 Baronen
1985 Dra meg opp!
1983 Kyr
1982 Fager kveldssol smiler
1979 Øvelse kald vinter

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspilldikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond
  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Ola Bauer roses i Danmark
Ola Bauers roman Hestehodetåken, som utkom i 1992 her hjemme, er nylig utkommet i Danmark...

Les mer

Vilde Heggem oversettes til ukrainsk
Vilde Heggems kritikerroste diktsamling Hvis trærne er solgt til Ukraina. Det er forlaget...

Les mer

Torgeir Rebolledo Pedersen tildelt Doblougprisen 2013
I går kveld ble Torgeir Rebolledo Pedersen tildelt Doblougprisen 2013 under åpningen av

Les mer

Dansk jubel for Per Pettersons Jeg nekter
Per Pettersons roman Jeg nekter utkommer på dansk i disse dager. Forlaget Batzer & Co...

Les mer

Strålende kritikker til Min kamp. Andre bok i Storbritannia
Karl Ove Knausgårds Min kamp. Andre bok (engelsk tittel: A Man in Love) ble fo...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev
  • Fritekstsøk
  • Arrangement
28.06.2013

Tove Nilsen på tiårsjubileet til Bokbyen ved Skagerrak

Les mer
30.06.2013

Mona Vetrhus og Marianne Clementine Håheim på Dei nynorske festspela 2013

Les mer
06.07.2013

Mona Vetrhus og Lars Amund Vaage på Kaldestadfestivalen i Kvinnherad

Les mer
12.07.2013

Ingrid Melfald Hafredal – Forfatterbesøk på Akademika Bø

Les mer
29.07.2013

Urpremiere på Thorvald Steens stykke "Nidaros" i Nidarosdomen under Olavsfestdagene

Les mer
KOMMENDE

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish