Design: EXIL DESIGN
Last ned høyoppløselig versjon av omslag
Pris kr 379,00

Den vesle pianisten

Vaage, Lars Amund

IB Pris kr 379,00
| ISBN 978 82 495 1800 5

Nokre få gonger i livet drøymde Sigurd at han kunne spela piano. Spela kunne han i vaken tilstand også, og betre enn mange andre, det var ikkje det, men i draumen vart spelet hans forløyst. Tonane trilla ut av han, fall, rasa, eller dei song i han, slik at han gløymde kven han var, eller tykte han blei ein annan. Det han skapte med hendene på klaviaturet, var ikkje berre vakkert, i draumen, det var også sant. Utan at han trong streva for det, opna han seg, innover i seg sjølv og ut mot verda, og endå om han ikkje hadde tenkt eller planlagt noko, sa tonane hans det gode og rette om livet og menneska. Tonane som han sjølv spela, lyste inn i han, knytte opp dei vonde knutane hans i rasande fart, bar med seg ei uforklarleg glede og løfta han inn i ein tilstand han ikkje visste han kunne nå.

I dei åtte novellene i Den vesle pianisten finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige språk, borte frå heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim å finna.

Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv han om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.

  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Frode Grytten tildeles Bjørg Vik-prisen 2017
I går ble det kjent at Frode Grytten tildeles Bjørg Vik-prisen 2017 for sitt forfatterskap. Prise...

Les mer

Rune Christiansens nye roman forhåndsolgt til Danmark
Rune Christiansens nye roman, Fanny og mysteriet i den sørgende skogen, lanseres denne uke...

Les mer

Ny Ragde-feber i Frankrike
Anne B. Ragdes roman Alltid tilgivelse ble nylig lansert i Frankrike. Boken, som utkommer...

Les mer

Rune Christiansens Ensomheten i Lydia Ernemans liv til Kina
Romanaktuelle Rune Christiansen fikk stor oppmerksomhet for sin forrige roman, den kritikerroste...

Les mer

Stor suksess for Morten A. Strøksnes’ Havboka i USA og Storbritannia
Morten A. Strøksnes prisbelønte Havboka er nå lansert i USA og Storbritannia. Som i de øvr...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev
  • Fritekstsøk
  • Arrangement
22.08.2017

Velkommen til Forlagenes store boksalg 2017

Les mer
22.08.2017

Forlagenes store boksalg i Filmens hus 22. august 2017

Les mer
23.08.2017

Forlagenes store boksalg i Filmens Hus 23. august 2017

Les mer
24.08.2017

Lansering av romanen 'La meg bli med deg' av Rita Paramalingam

Les mer
24.08.2017

Forlagenes store boksalg i Filmens Hus 24. august 2017

Les mer
KOMMENDE

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish