Riket er vårt, damti, damti

Hatløy, Kjartan

HFT Pris kr 199,00
| ISBN 9788249503612

Mennesket fer over til det heilt andre
kledd i alt lys augene lyste med i livet

armane og skallen og føtene i grava er makter

som parar seg med det snillaste som finst

Med villskap og disiplin, i slåande vakre bilete,opphever Kjartan Hatløy vante grenser mellom mennesket, naturen og kosmos. Han har eit særegent blikk for sted og lys, hans skrift er open, raus og livsbejaande.

Omtale

”Fabelaktig fri språkføring. Original dikting som vågar å samle lys inn frå verda og det sterkaste i modernismen. For underteikna er dette årets boktittel: Riket er vårt, damti damti! Og Hatløy er i ferd med å markera seg som norsk poesis nye doldis. Han har dimensjonar som får meg til å tenkja på Gunnar Bjørling, og han er utruleg konsekvent der han med nærast dadaistisk energi utforskar kva ei kosmisk leikande haldning kan få det norske språket til å utføra. I si sjette diktsamling har han kome så langt at det tek tid for lesaren å følgja han inn i dette språklege universet der så mykje underleg kan skje.”

HELGE TORVUND, DAGBLADET

””… endeleg opnar ei strålande bok”. Slik sluttar det fyrste diktet i den nye samlinga til Kjartan Hatløy … No er det kanskje ikkje fyrst og fremst si eiga bok Hatløy tenkjer på. Likevel, som sjølvkarakteristikk er det midt i blinken! … Med denne boka … plasserer Kjartan Hatløy seg der han retteleg høyrer heime, i den store nynorske tadisjonen … Men Hatløy er først og fremst sin eigen mann – med sitt leikande språk, si eiga store språk- og naturglede … Eg trur ikkje det er ofte ein dagskritikar slit ut meldareksemplaret sitt. Eg er i ferd med å slite ut mitt med understrekingar og eseløyro … Stundom har eg ledd, oftare har eg smilt, men mest har eg tenkt medan eg har lese … i diktboka til Hatløy fins stort alvor, mørke drag, djup innsikt og klokskap. Eg trur dette er ei av dei viktigaste bøkene som kom i haust!”

OLE KARLSEN, DAG OG TID

”Lyrisk språkfest … Dikta i Kjartan Hatløys sjette diktsamling er originale og held jamn og høg kvalitet … Medvitet om at verda kjem til gjennom språket og at verda gjennom språkleg bearbeiding blir ny, er elles sterkt gjennom heile samlinga … Poeten skyv på grensa for språket. Fragmentet frå ”Fader vår” i tittelen, går over i ”damti, damti”, eit tomt rytmisk framhald av bøna, eit språk utan tyding som indikerer leik og fangar språkets fortyllande og nyskapande kraft. Så ta berre imot poetens invitasjon og bli med på den elleville språkfesten”

SINDRE EKRHEIM, BERGENS TIDENDE

”Lysende poesi. Diktene gir gode opplevelser … De åpner for nye rom i hodet, de er visjonære og trekker veksler på alt fra Olav H. Hauge til franske surrealister og store tenkere. Mer går det ikke an å ønske seg”

Terningkast 5. TRULS HORVEI, HAUGESUNDS AVIS

”Forfatterskapet til Kjartan Hatløy har fått vokse seg stort i det stille. Fjorårets utgivelse Riket er vårt, damti damti var poetens syvende bok etter debuten i 1996. Det er ei tøff samling. Dersom den norske offentligheta hadde fungert bedre, ville det florert av glade nordmenn som leste Hatløy. Vi ville stått i kø utenfor bokhandelen når diktsamlinga slippes. Det ville være diktlesere strødd omkring på kafeer, busser og på tilfeldige stubber i skogen den grønne. Etter endt lesning ville vi møtt hverandre med en varhet for nyanser som i dag går oss hus forbi. Særlig befriende ville det være å lese ei slik syngende bok … Den mørke undertonen er ofte nærværende, men overgås av vitaliteten og faktisk gleden som bokstavene er fora med … Hatløy har funnet en slentrende stil som virker fortryllende på en i overkant avfortrylla verden”

MORTEN WINTERVOLD, NORDLYS
  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Flere Solstad-romaner tilgjengelig på tysk
Dag Solstads romaner T. Singer og 16.07.41 er nå solgt for oversettelse til tysk. D...

Les mer

Hanne Ørstaviks Tiden det tar til Romania
Hanne Ørstaviks kritikerroste roman Tiden det tar ble nylig solgt til Romania, til forlage...

Les mer

Hanne Ørstaviks Kjærlighet på Oprah.com
Hanne Ørstaviks kritikerroste roman Kjærlighet er en av fire anbefalte bøker på Oprah Winf...

Les mer

Karl Ove Knausgård nominert til Sørlandets Litteraturpris 2018
De nominerte til Sørlandets Litteraturpris ble offentliggjort under fylkets kulturkonferanse i Ar...

Les mer

Per Pettersons Til Sibir solgt til Ungarn
Per Pettersons roman Til Sibir fra 1996 ble nylig solgt til Ungarn til forlaget Scolar. Sc...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish