Vinje, vår mann // Fjærland – med Lars Amund Vaage

6. april 2018, var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. I den samanheng er det ei glede å fortelje at Sogn og Fjordane teater og Rom for ord feirar målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein ny litterær konsert og teater-produksjon: ”Vinje, vår mann”.

I denne litterære framsyninga fortel han om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

”Ferdaminne frå sumaren 1860” av Aasmund O. Vinje var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert.

– Og så er det ein formasteleg tanke, seier Lars Amund Vaage, at det kanskje framleis er den beste. Vaage held fram:

– Vinje vart ikkje forløyst som diktar før han fekk landsmålet å dikta på, og då var han 40 år gammal. Han hadde ei språkmusikalsk gåve, og han trong fridommen som det eigne språket gir for å få brukt denne gåva. Tekstane hans er ofte strenge formelt, med klassiske versemål, men med rytmisk og klangleg rikdom. Ofte diktar han om det opphavlege, det heimlege, det farne. Det er eige livsmateriale som ligg i botnen. Han kunne skriva om det på morsmålet.

Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma;
Heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma.
...

«Du les vitet av deg», vart det sagt til Aasmund, då han voks opp. Forholdet mellom bokleg lærdom og lærdom frå livets skule er ei hovudsak for Vinje, i både liv og verk. Han var nok ein av dei mest lærde i si tid, men praktisk lærdom såg han aldri bort ifrå.

– Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage.

Turnepremiere på Boknatta i Fjærland laurdag 2. Juni 2018.

Se arrangement 2. juni på Facebook: Vinje, vår mann // Fjærland – med Lars Amund Vaage

  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Per Petterson og Kjersti Annesdatter Skomsvold nominert til Ungdommens kritikerpris 2018
Per Petterson og Kjersti Annesdatter Skomsvold ble i går kveld nominert til Ungdommens kritikerpr...

Les mer

Jon Michelets Krigerens hjemkomst holder stand på bestselgerlista
Jon Michelets En sjøens helt. Krigerens hjemkomst er landets mestselgende roman for åttend...

Les mer

Per Pettersons nye roman videre ut i verden
Per Pettersons første roman på seks år, Menn i min situasjon, vekker stor interesse i inn-...

Les mer

Kirstine Reffstrups debutroman til Tyskland
Kirstine Reffstrup debuterte på Forlaget Oktober i 2016 med romanen Jeg, Unica. Nå er ret...

Les mer

Tre Oktober-forfattere nominert til Bokhandlerprisen 2018
I dag ble nominasjonene til Bokhandlerprisen 2018 offentliggjort. Av de ti nominerte bøkene, er t...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish