Nordisk aften med Kjersti Bronken Senderud og Ingrid Z. Aanestad mfl. på Schous bøker i Oslo

Velkommen til nordisk aften på Schous bøker

Henrika Ringbom i samtale med Kjersti Bronken Senderud

Opplesing frå Jenny Tunedals Min krig, suitar ved gjendiktar Ingrid Z. Aanestad

Är det någon mening med att resa för att uppleva sådant som man kunnat föreställa sig?

Upplever man någonsin någonting som man kunnat föreställa sig?

Slik opnar Henrika Ringboms poetiske essay elden leende. Boka tek utgangspunkt i ei reise til Japan, ei forsoningsreise, ei livsforandringsreise. Men det begynner langt tidligare, med ein far som på veg til Japan mistar sin eigen far, ei lita jente som feirar åtteårsdagen sin i kimono og ei mor som av eit mistak drikk seg berusa på sake. Henrika Ringbom møter Kjersti Bronken Senderud i ein samtale om elden leende, om den finske poeten Mirkka Rekola (som Ringbom har gjendikta til svensk) og om begge sitt forhold til austlege tenkarar og tradisjonar.

Det er fred
Først kjenner eg det ikkje
Sidan held det fram

Det er eit felt
Det uforgløymelege hjartet
Sola som skin

Det er hennar plikt
Under stor smerte
Aleine av aleinemor

Det er ei misforståing
Kor skulle det alvorlegaste vera
I hennar hovud

Det har hendt før
Levande døde eller døde levande eller
Nokon med eigne hender

Jenny Tunedals diktsamling Min krig, suitar kjem ut i norsk gjendikting på Samlaget hausten 2017. Dikta krinsar om krigane som rasar under freden, og den sorga som kjem før døden, ei sorg som forplantar seg i redsla for å gløyma eller bli gløymd. Eit fantastisk, forskrekkeleg liv med slagmarker, sjukdom, husdyr, solnedgangar og søvn trer fram. Gjendiktar Ingrid Z. Aanestad presenterer og les opp frå boka. 

Nordisk aften er støtta av Finsk-norsk kulturinstitutt, Norsk forfattersentrum og Samlaget.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Henrika Ringbom, finlandssvensk poet og gjendiktar. For essayboka elden leende frå 2016 blei ho nominert til Runebergspriset. Ringbom har også utmerka seg som gjendiktar av finsk poesi.

Kjersti Bronken Senderud, poet og romanforfattar. Siste utgjeving: Bo, Forlaget Oktober 2017.

Jenny Tunedal, svensk poet og gjendiktar. Siste utgjeving: Rosor, skador, Wahlström & Widstrand, 2017.

Ingrid Z. Aanestad, romanforfattar og gjendiktar. Siste utgjeving: Sibylle, Forlaget Oktober, 2016.

  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Sara Sølberg tildelt NTNUs litteraturpris 2017
Sara Sølberg er tildelt NTNUs litteraturpris 2017 for den kritikerroste debutromanen Seismiske...

Les mer

Karl Ove Knausgårds bok om Munch til fem land
Karl Ove Knausgårds Så mye lengsel på så liten flate. En bok om Edvard Munchs bilder ble l...

Les mer

Matias Faldbakkens The Hills til sju land
Matias Faldbakkens nye roman The Hills har blitt mottatt med jubel av anmelderne. Boken er...

Les mer

Ingvild Burkey tildeles Riksmålsforbundets litteraturpris 2017
I dag ble det kjent at Ingvild Burkey tildeles Riksmålsforbundets litteraturpris 2017. Burkey mot...

Les mer

Tore Renbergs Skada gods klatrer på bestselgerlista
Tore Renbergs nye roman Skada gods utkom nylig til unisont gode kritikker fra anmelderne....

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev
  • Fritekstsøk
  • Arrangement
24.10.2017

Ingrid Melfald Hafredal​ på Bamble bibliotek og litteraturhus​

Les mer
26.10.2017

Linn Ullmann og Peter Stamm – Samtale om Omtrentlig landskap

Les mer
27.10.2017

En kveld med Tore Renberg på Spira i Flekkefjord

Les mer
28.10.2017

En kveld med Tore Renberg i Lyngdal

Les mer
29.10.2017

En kveld med Tore Renberg – Buen kulturhus i Mandal

Les mer
KOMMENDE

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish